Vedtekter

Vedtekter for Bygdepride (org.nr. 919 771 208)

§1 Foreininga sitt namn

Foreininga sitt namn er Bygdepride.

§2 Føremål

Foreininga skal ha som føremål å spreie kunnskap om og fremje aksept av og toleranse for LHBTQ+-personar (lesbiske, homofile, bifile, transpersonar, queer m.f.). Foreininga skal òg arbeide for å skape samhald mellom og tilhøyrsle for LHBTQ+-personar. Arbeidsområdet skal vere regionane Søre Sunnmøre og Nordfjord.

Føremålet skal kome fram gjennom følgjande aktivitetar:

  • Ein årleg festival.
  • Sosiale møtestadar gjennom året.
  • Ungdomsretta arbeid gjennom året.

§3 Organisasjonsform

Foreininga er ein frittståande juridisk person med medlemmar, og er sjølveigande. At den er sjølveigande inneber at ingen, verken medlemmar eller andre, har krav på foreininga si formue eller eigedelar, eller er ansvarleg for gjeld eller andre forpliktingar.

§4 Medlemmar

Medlemskap i foreininga er ope for alle som støttar føremålet i § 2.

§5 Rettar og plikter knytt til medlemskapet

Alle medlemmar har rett til å delta på årsmøte, har røysterett og er valbare til tillitsverv i foreininga. Medlemmar som skuldar kontingent for meir enn eitt år, har ikkje røysterett eller andre rettar, og styret kan stryke dei som medlem av foreininga.

Medlemmane pliktar å stilla seg etter vedtak som er fatta av årsmøte.

§6 Årsmøte

Årsmøtet, som blir helde kvart år, er foreininga sitt øvste mynde. Årsmøtet er vedtaksført med det tal på røysteføre medlemmar som møter, og alle medlemmane har éi røyst. Møteleiar veljast av årsmøtet.

Med mindre anna er bestemt, skal eit vedtak, for å vere gyldig, vere treft med alminneleg fleirtal av dei gitte røystene. Røystelikskap avgjerast ved loddtrekning.

Årsmøtet kallast inn av styret med minst tre veker varsel, direkte til medlemmane. Forslag som skal handsamast på årsmøtet skal vere sendt til styret seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste må vere tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet. Årsmøtet kan ikkje handsame forslag som ikkje er oppført på saklista, med mindre ¾ av dei frammøtte krev det.

§7 Årsmøtet sine oppgåver

Årsmøtet skal

  • handsame årsmelding
  • handsame revidert rekneskap
  • handsame innkomne forslag
  • fastsetje kontingent
  • vedta budsjett
  • velje:
    • leiar og nestleiar
    • økonomiansvarleg
    • styremedlemmar
    • varamedlemmar
    • valnemnd
    • revisor

§8 Ekstraordinære årsmøte

Ekstraordinære årsmøte blir haldne når styret avgjer det, eller minst 1/3 av medlemmane krev det.

Innkalling skjer på same måte som for ordinære årsmøte, med minst 14 dagar varsel.

Ekstraordinært årsmøte kan berre behandle og ta avgjerder i dei sakene som er kunngjorde i innkallinga.

§9 Styret

Foreininga har eit styre på 3-7 medlemmar. Styret er øvste mynde mellom årsmøta. Styret skal halde møte når styreleiar eller eit fleirtal av styremedlemmane krev det.

Styret skal

  • Setje i verk årsmøtevedtak
  • Nemne opp eventuelle komitéar, utval eller personar som skal utføre spesielle oppgåver, og utarbeide instruks for desse
  • Administrere og føre naudsynt kontroll med foreininga sin økonomi i samsvar med gjeldande instruksar og bestemmingar
  • Representere foreininga utetter

Styret kan fatte vedtak når eit fleirtal av styret sine medlemmar er til stades. Vedtak fattast med fleirtal av dei gjevne røystene.

§10 Signaturrett

Det er styret sin leiar og nestleiar i fellesskap som innehar signaturrett.

§11 Lokallag, studentlag og aktivitetsgrupper

Lokallag, studentlag og aktivitetsgrupper blir oppretta og nedlagt av styret i Bygdepride.

Lokallaget, studentlaget eller aktivitetsgruppa sitt namn og organisering blir fastsett av styret i Bygdepride.

Røysterett og valbarheit i lokallag, studentlag og aktivitetsgrupper følgjer foreininga sine vedtekter, og ein må vere betalande medlem av Bygdepride.

Lokallag, studentlag og aktivitetsgrupper sine økonomiske og organisatoriske tilknytingar blir vedtekne av styret i Bygdepride.

Leiar av lokallag, studentlag og aktivitetsgrupper skal vere representert i styret til Bygdepride.

§12 Vedtektsendring

Endringar av desse vedtektene kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore på saklista, og det krevjast 2/3 fleirtal av dei gjevne røystene.

§13 Oppløysing

Oppløysing av foreininga kan berre handsamast på årsmøte, og krev 2/3 fleirtal. Ved vedtak om oppløysing skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte 3 månadar seinare. For at oppløysinga skal skje må vedtaket her gjentakast med 2/3 fleirtal.

Foreininga si formue skal etter oppløysing og gjeldsavlegging gå til det formål som foreininga arbeidar for å fremje, ved at nettoformue blir gitt til ein ideell organisasjon som årsmøtet vel.

Ingen medlemmar har krav på foreininga sine midlar eller ein del av desse.

Tilbake ↩

Vedtekter Vedtekter Vedtekter