Tekst og tanke

torsdag 08. mai 16:0017:30

Treng du eit pusterom fritt for prestasjonar? Har du lyst på litt nye perspektiv og møte andre studentar på ein litt annleis måte? Bli med på denne drop in-lesesirkelen og blir kjent med god litteratur og gode menneske!

På Høgskulen i Volda.

Vi les ei novelle og eit dikt som vi snakkar om. Du kan velje å berre lytte eller delta med dine tankar og perspektiv. Her trengst ingen førebuingar, og alle er velkomne akkurat slik ein er – både om du har lese mykje eller lite. Det er gratis og ope for alle, og ingen påmelding!

Vi samlast i ei lita gruppe over nysteikte vaflar, kaffe og saft i Kaarstadstova (K100).

Velkomen!

Tekst og tanke er eit studentvelferdstilbod på Høgskulen i Volda med formål om å skape gode menneskemøter, dialog, demokrati og god helse gjennom samlesing av litteratur. Vi brukar lesemetoden samlesing/shared reading og faglege ansvarlege for arrangementet er Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret), Lone Ellingsvåg Knutsen (studenthumanist) og Elin Gundersen (biblioteket).

Tilbake ↩