Tekst og tanke

tysdag 07. mai 16:0017:30

Har du lyst å møte andre på ein litt annleis og fin måte? Eller kanskje har du lyst å bli litt klokare på livet eller deg sjølv? Bli med på "Tekst og tanke" og lytt til litteratur som opnar for undring og nye perspektiv saman med andre, både gjennom teksten og samtalen etterpå.

På Rokken.

Du kan velje å berre lytte eller delta med dine tankar og perspektiv. Her trengst ingen førebuingar, og alle er velkomne akkurat slik dei er – både om du har lese mykje eller lite.

Det er gratis og opent for alle! Det er begrensa med plassar, så meld deg på her: https://nettskjema.no/a/412128#/page/1

Helsing Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret), Lone Ellingvåg Knutsen (studenthumanist) og Elin Gundersen (biblioteket).

Samlesing ("Shared Reading") er ein forskingsbasert metode som har som intensjon å opne litteratur for alle målgrupper. Det er ein vennleg og trygg møtestad mellom menneske og mellom menneske og litteratur.

Tilbake ↩