Skeiv mamma // Dokfilm

laurdag 11. mai 15:3017:00

I samarbeid med Dokfilm viser vi filmen Skeiv mamma.

På Berte Kanutte, Høgskulen i Volda.

Ines sitt største ønske er å bli mor, men ho er både lesbisk og single. I Stavanger møter ho den gifte homofile dragartisten Mio, som deler den same draumen. Saman legg dei ein plan som vil endra livet deira for alltid. Denne dokumentarfilmen følger ein utradisjonell familie som blir til, og ei mor som får draumen sin oppfylt, men som likevel må innsjå at alt ikkje alltid går som planlagt.

Tilbake ↩