Regnbogemesse (Vanylven)

sundag 05. mai 17:0018:00

Velkomen til Regnbogemesse under Bygdepride.

I Syvde kyrkje.

Bli med på ei feiring av kjærleik og fellesskap. Dette vert ei gudsteneste med mykje musikk, i eit rom kor himmelen er høg og fargane mange. Vel møtt!

Ei Regnbogemesse er ei spesiell gudsteneste for å feire mangfald og kjærleik. Der Jesus er kjent for å inkludere grupper andre stengte ute, har kyrkja ei blanda historie når det gjeld LHBTQ+-samfunnet. Mange har ikkje kjent seg heime i kyrkjefellesskapet, og det er berre sidan 2017 at vigselsseremoniane har vore opne for alle. Kyrkja er for alle, uansett kven ein er. Dette ynskjer vi å feire komande søndag.

Kvifor skal kyrkja delta i Pride? Kjerna i Pride er at vi feirar mangfaldet mellom oss menneske. Kropp, seksualitet og identitet har mange fargar og fasettar. Nett som regnbogen. Vi har alle det til felles at vi treng kjærleik i liva våre. Og vi treng å bli aksepterte som den vi er. Kyrkja si tru er at vi alle er skapt i Guds bilde, i alt vårt mangfold. Velkomen til å feire både kjærleik og mangfald i Regnbogemessa på søndag!

Tilbake ↩