![](https://cdn.sanity.io/images/fpe8h888/production/9d7fa3d6df266bc74ad96c9f4345a0d31247934f-6016x4016.jpg?w=1000&fit=max&auto=format)
Bygdepride inviterer til ei heidundrandes avslutning på festivalveka!
På Rokken.Denne kvelden blir det finale i Eurovision Song Contest på storskjerm i kafeen og dragshow med legendariske House of Divas på scena. I tillegg vil plateprataren (DJen) spele kjende, og kanskje mindre kjende, Eurovision-slagarar på høgtalarane. Dette blir ein fest du ikkje vil gå glipp av!
House of Divas vil opptre i to sett, det første frå kl. 20:00 til 21:00. Det andre blir i pausen under Eurovision og vil vare ca. ein halvtime.
DJ SOUTHVIOLENCE vil spele mellom kl. 21:00 til 02:00 med unntak av under pauseinnslaget til House of Divas. Høgdepunktet blir på scena frå 24:00 til 02:00.
Eurovision Song Contest varer ca. 3 timar, frå kl. 21:00 til 24:00.