Eurovision og dragshow // House of Divas

laurdag 11. mai 18:0000:00

Bygdepride inviterer til ei heidundrandes avslutning på festivalveka!

På Rokken.

Denne kvelden blir det finale i Eurovision Song Contest på storskjerm i kafeen og dragshow med legendariske House of Divas på scena. I tillegg vil plateprataren (DJen) spele kjende, og kanskje mindre kjende, Eurovision-slagarar på høgtalarane. Dette blir ein fest du ikkje vil gå glipp av!

House of Divas vil opptre i to sett, det første frå kl. 20:00 til 21:00. Det andre blir i pausen under Eurovision og vil vare ca. ein halvtime.

DJ SOUTHVIOLENCE vil spele mellom kl. 21:00 til 02:00 med unntak av under pauseinnslaget til House of Divas. Høgdepunktet blir på scena frå 24:00 til 02:00.

Eurovision Song Contest varer ca. 3 timar, frå kl. 21:00 til 24:00.

Tilbake ↩