Bygdepride på Høgskulen // Kortfilmvisning "Bygdehomo"

måndag 08. mai 14:3015:00

Velkomen til gratis kortfilmframsyning av den prisbelønna dokumentaren «Bygdehomo»! Filmen introduserast av voldastudent og medlem i Bygdepridestyret Tare Reklev Øverbø .

På Høgskulen i Volda.

Dei som har vore med på filmframsyninga blir fyst i køa til å få seg gratis middag, is, og ein hyggeleg prat i kantina etterpå. Les meir her: https://facebook.com/events/s/mat-og-prat-is-food-and-chat-i/995165964743717/

Filmen er laga av Julia Dahr og Julie Lunde Lillesæter (2018) og handlar om Bjørn-Tore som flytta frå Volda for å leve eit fritt og opent liv som homofil mann. Han kunne aldri ha førestilt seg at han ein dag ville kome tilbake og gå nedover gatene i heimbygda si i ein Bygdepride-parade! I filmen får vi også innblikk i dei ulike perspektiva som eksisterar, og at det fortsatt er ulike syn på homofili og pride i bygdesamfunnet.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Bygdepridestyret v/student Tare Reklev Øverbø, og Høgskulen i Volda v/ Studenthumanist Lone E. Knutsen og studentprest Ruth Eva Sollie.

Tilbake ↩