Vedtekter

Vedtekter for Bygdepride

Foreininga sitt namn er Bygdepride

§1 Formål

Bygdepride er ein interesseorganisasjon med det formål å arrangere eit årleg Pride-arrangement i Ørsta og Volda.

Pride-arrangementet skal ha som mål å spreie kunnskap om og fremje aksept av LHBTI-personar (lesbiske, homofile, bifile, transpersonar, intersex m.f.).

§2 Organisatorisk tilknyting

Bygdepride er ein frittståande interesseorganisasjon.

§3 Medlemmar

Medlemskap i Bygdepride er opent for alle.

§4 Røysterett og valbarheit

Alle medlemmar har røysterett og er valbare til tillitsverv i foreininga.

§5 Kontingent

Kontingenten fastsetjast av årsmøtet og betalast forskotsvis.

Medlemmar som skuldar kontingent for meir enn eitt år, har ikkje røysterett eller andre rettigheiter, og kan av styret strykast som medlem av foreininga. Strykast eit medlem, kan det ikkje takast opp att før skuldig kontingent er betalt og det er godkjent av styret.

§6 Godtgjersle til tillitsvalde

Tillitsvalde kan få refusjon for faktiske utgifter, dette inkluderer ikkje tapt arbeidsforteneste. Utgifter til refusjon for faktiske utgifter skal kome fram av budsjett og rekneskap. Retningsliner skal utarbeidast av styret.

§7 Årsmøte

Årsmøtet er Bygdepride sitt øvste mynde. Årsmøtet skal haldast kvart år innan slutten av november og innkallast av styret med 2 vekers varsel med skriftleg melding til medlemmane. Forslag som skal handsamast på årsmøtet skal vere sendt til styret seinast 1 veke før årsmøtet. Fullstendig saksliste skal vere tilgjengeleg for medlemmane seinast 1 veke før årsmøtet.

Alle medlemmar har tilgang til årsmøtet. Styret kan invitere andre personar/og eller media til å vere til stades.

Årsmøtet er vedtaksføre med det talet på røyster som møter. Ingen har meir enn ei røyst, og røystegiving kan ikkje skje ved fullmakt. Med mindre anna er bestemt skal eit vedtak for å vere gyldig ha alminneleg fleirtal av dei gitte røystene. Blanke røyster skal sjåast på som ikkje gitt.

§8 Årsmøtet sine oppgåver

Årsmøtet skal:

  1. Handsame Bygdepride si årsmelding
  2. Handsame Bygdepride sin rekneskap i revidert stand
  3. Handsame innkomne forslag
  4. Fastsetje kontingenten
  5. Vedta Bygdepride sitt budsjett
  6. Velje:
    1. Styremedlemmar
    2. Valnemnd

§9 Ekstraordinære årsmøte

Ekstraordinære årsmøte skal haldast når styret bestmmer det, eller når minst ein tredel av dei røysteføre medlemmane krevjer det.

§10 Styret

Bygdepride leiast av styret som er høgste mynde mellom årsmøta.

Styret skal:

  1. Iverksetje årsmøtet sine vedtak.
  2. Oppnemne etter behov nemnder/utval/personar for spesielle oppgåver og utarbeide instruks for desse.
  3. Administrere og føre naudsynt kontroll med Bygdepride sin økonomi og eigedelar etter dei til ei kvar tid gjeldande instruksar og vedtak.
  4. Representere Bygdepride utad.

Leiar kallar inn til møter ved behov. Styret er vedtaksføre når eit fleirtal av styret sine medlemmar er til stades. Vedtak fattast med eit fleirtal av røystene. Vedtak fattast med eit fleirtal av røystene. Ved røystelikskap gjeld det som styreleiaren, eller avløysar for styreleiaren, har røysta for.

§11 Vedtektsendring

Endringar i desse vedtekter kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore på sakslista, og det krevjast ⅔ fleirtal av røystene.

§12 Oppløysing

Oppløysing av Bygdepride kan berre handsamast på ordinært årsmøte. Blir oppløysinga vedteke med minst ⅔ fleirtal, innkallast ekstraordinært årsmøte 3 månadar seinare. For at oppløysinga skal skje må vedtaket her gjentakast med ⅔ fleirtal.

Tilbake ↩

Vedtekter Vedtekter Vedtekter