Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål og ofte gjevne svar.

Kva er Bygdepride?

Bygdepride vert halde kvart år, andre veka i mai. Festivalen er ein fest og ein protest, der vi set seøkjelyset på skeive sine rettar – og mangfald, kjærleik og inkludering.

Bygdepride er ein medlemsorganisjon, og der føremålet er å fremje skeive sine rettar. Fyrst og fremst gjennom Bygdepride-festivalen, men også gjennom arrangement og hendingar gjennom resten av året.

Kven kan vere med på Bygdepride?

Alle. Bygdepride set pris på at så mange som mogleg støttar oss. Det er viktig å vise for spesielt unge skeive at bygdene våre er inkluderande. Det gjer folk gjennom å vere med på Bygdepride sine arrangement. Bygdepride er ein medlemsorganisasjon, der alle kan vere medlemmer.

Kvifor vert Bygdepride halde i mai, og ikkje i pridemånaden, som er juni?

Det er fordi vi ynskjer å inkludere også studentane. Det er mange skeive studentar, og dei skal vite at bygdene våre er inkluderande samfunn når dei kjem hit for å studere. Og så er det veldig hyggjeleg at studentar engasjerer seg i Bygdepride medan dei er her.

Kan ein kle seg ut i paraden?

Gjerne. Kom som du er. Det er det viktigaste for oss som arrangerer. Ver gjerne fargerik. Men hugs på at det kan vere kaldt på Sunnmøre i mai.

Kva kostar det å vere medlem i Bygdepride?

Å vere medlem i Bygdepride kostar kr. 300,- i året. Er du under 18 år er prisen kr. 100,-. For studentar er prisen kr. 150. Du kan også bli støttemedlem i Bygdepride for kr. 200,-. Medlemmar har røysterett på årsmøtet vårt og er valbare til verv i foreininga.

Har Bygdepride eiga nettside?

Ja, du er inne på henne no. Her er vi oppdaterte på program, og du finn masse informasjon om organisasjonen vår. Følg oss også på sosiale medium. Søk Bygdepride på Instagram og Facebook.

Kvifor vart Bygdepride starta?

Det var fordi nokre av oss var litt lei av korleis bygdene våre vart framstilt, som homofobe lokalsamfunn. Vi visste det var annleis, og vi vart veldig glade då så mange støtta oss på fyrste Bygdepride i 2018.

Er Bygdepride med i FRI?

Nei. Bygdepride er ein sjølvstendig medlemsorganisasjon, og hundre prosent ansvarleg for Bygdepride-festivalen. Mange av oss er medlemmer i FRI, som er ein interesse-og kamporganisasjon for skeive sine rettar. Andre er ikkje medlemmer. Vi samarbeider med FRI på den måten at dei hjelper oss når vi har spørsmål som vi ikkje sjølve kan svare på, mellom anna.

Tilbake ↩

Spørsmål og svar Spørsmål og svar Spørsmål og svar