Finn fram

Er du utanbygds frå, og har lyst til å delta under Bygdepride? Hjarteleg velkomen.

Til Ørsta/Volda kjem du med fly. Widerøe har ruter til Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, frå Oslo og Bergen.

Det er også mogleg å ta fly til Ålesund lufthamn med SAS eller Norwegian, og ta buss frå Ålesund lufthamn til Ørsta/Volda.

Frå Bergen og Oslo går det ekspressbussar til Ørsta/Volda.

Kjem du med privatbil, går E39 gjennom Ørsta og Volda. Viss du kjem eins ærend med bil for å vere med i paraden i Volda fredag 11. mai, eller på friluftskonserten i Ørsta 12. mai, rår vi deg til å vere tidleg ute for å sikre deg parkering. I Ørsta og Volda er det ingen parkeringsavgifter.

Sist endra 20.02.18 22:28