Vinnarane av Bygdepride-prisen '23 er kåra!

Under Bygdepride deler Bygdepride Ørsta/Volda ut Bygdepride-prisen. Han går til personar eller organisasjonar som har gjort ein særleg innsats for å fremje skeive sine kår i lokalsamfunnet.

Årets prisvinnarar, det er to, har utmerka seg med dette. Dei har begge medverka til at skeive kan kjenne seg meir heime i bygdene.

Den eine prisvinnaren har i fleire år støtta skeive si sak. Ho har vore engasjert i open folkekyrkje, og då Bygdepride kom i gang, var ho ein pådrivar for å få bygdepride inn i kyrkja, og få skipa ei regnbogemesse. Ho gav oss ideen, vi responderte, og vi kontakta Ørsta kyrkje.

Der stod den andre prisvinnaren – med opne armar. Gjer døra høg og porten vid. Han arbeidde for å få regnbogemessa til å verte eit faktum. Regnbogemessa vart eit faktum, og i år er det tredje gongen messa har vorte halden.

Prisvinnarane har i alle desse åra vore sentrale i planlegginga og gjennomføringa av messa, saman med dei andre i regnbogemesse-gruppa.

Oppigjennom åra har det vore vanskeleg å vere skeiv, og samstundes ha ei tru. For det er eit faktum at skeive ikkje har kjend seg velkomne i kyrkja. Samstundes har nok kyrkja vore avvisande.

Det har endra seg. I dette huset, i denne kyrkja, er vi no velkomne. Kvar dag, heile året. Ikkje berre under regnbogemessa. I dette huset har likekjønna vorte vigde. I dette huset kjenner vi oss alle no heime. Det skal årets prisvinnarar ha mykje av æra for.

Årets Bygdepride-pris går til Bente Hjertenæs og sokneprest Arne Moltubak. Vi gratulerer så mykje!

Alle nyhende ↩

Vinnarane av Bygdepride-prisen '23 er kåra! Vinnarane av Bygdepride-prisen '23 er kåra! Vinnarane av Bygdepride-prisen '23 er kåra!