Vi finst. Det må vere lov.

Søndag 4. mai vart regnbogeflagga våre på Rossåbrua i Ørsta kutta ned.

I fjor reiv nokon ned og køyrde over regnbogeflagga våre på Osbrua. Før jul kasta nokon egg på vindauget til det nye kontoret vårt. I kommentarfelta ser vi utspel vi trudde, og håpte, ein skulle sleppe å sjå i 2025.

Heldigvis finst det mange fleire støttespelarar. Dei som er for mangfald, kjærleik og retten til å kunne leve og vere seg sjølv, også på bygda – regnbogeflagget symboliserer nettopp dét.

Men vi kan ikkje vere tause. Bygdepride er fest og feiring av kjærleiken, men òg protest. Saman kjempar vi for rettane våre – for skeive, og for alle andre.

I dag heisar vi nye flagg rundt om i regionen, og håpar alle som kan møter opp til paraden i Volda i morgon – for det treng vi.

Vi finst.

Det må vere lov.

Styret i Bygdepride.

Alle nyhende ↩

Vi finst. Det må vere lov. Vi finst. Det må vere lov. Vi finst. Det må vere lov.