Tusen takk for i år!

Bygdepride vart fantastisk. Tusen takk til alle som medverka, og som gjorde Bygdepride '22 til ein folkefest.

Ei herleg Bygdepride-veke er over, og vi er glade for å ha kunne presentert eit program med alt frå føredrag, ungdomskveld, studentarrangement, gudsteneste, litteraturkveld, konsertar, dragshow og til ei fantastisk parade.

Takk til alle som har medverka. Takk til dei som har fortalt sine historier, takk til sponsorar og støttespelarar, takk til medarrangørar og dugnadshjelp. Utan dykk alle hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre ein bygdepridefestival i Ørsta og Volda.

No set vi oss ned for å planleggje Bygdepride 2023. Det skal også verte ein fest og ein protest. Kanskje dukkar vi også opp med mindre hendingar utover året. Fram til då: Happy Pride!

Helsing alle oss i styret: Fride, Tare, Idun, Helle, Anita, Anbjørn og Rune.

Alle nyhende ↩

Tusen takk for i år! Tusen takk for i år! Tusen takk for i år!