
Nok eit Bygdepride er over, og nok ein gong vart det ein folkefest. Vi er utruleg takksame for all støtte vi har fått i løpet av dei åtte dagane festivalen heldt på.
I løpet av desse dagane har det vore arrangement i fleire kommunar, og vi har hatt arrangement med ei stor breidde. Tusen takk til alle medarrangørar for at vi har greidd å presentere ei slik spennvidd i programmet.
Bygdepride hadde ikkje vore mogleg utan støtta vi får frå næringslivet. Nokre gir sponsorstøtte i form av pengar. Andre gir oss tenester og produkt vi har bruk for. Mange av bedriftene heisar også regnbogeflagget under Bygdepride.
Like viktig er det at næringslivet støttar eit inkluderande og mangfaldig samfunn, og sjølve har program for dette. Det gjer Søre Sunnmøre og Nordfjord rikare.
Ikkje minst vil vi takke alle som har møtt på arrangementa våre, frå dei smale og faglege arrangementa til paraden og folkefesten i Volda sist laurdag. Dette varmar.
Laurdag feirar vi 17. mai og Grunnlova. Grunnlova vår er fundamentet for demokratiet. Ein av pilarane i Grunnlova er menneskerettane, og med det ytringsfridomen.
Bygdepride er ei ytring, og når vi sjølve heisar regnbogeflagget, slik mange private også gjer det, er det ei ytring for likeverd og mangfald. Det å klippe av flaggsnorer, rive ned flagga og stjele dei, er ikkje ei ytring. Det er skadeverk, tjuveri og kriminalitet.
Og når ordet «kjærleik» vert så farleg at det vert vandalisert, då veit vi at behovet for Bygdepride er stort. Vi kjem tilbake, med fest og protest, i 2026.
Styret i Bygdepride.