Programmet for Bygdepride '22 er klart

Konsertar, føredrag, litteraturfest, dragshow, kjærleikskafear, regnbogemesse: Bygdepride er tilbake. Frå 7. til og med 15. mai vert det det Bygdepride slik folk kjenner det med ei rekkje arrangement i Volda og Ørsta kommunar.

Bygdepride er både fest og protest. Gjennom Bygdepride-festivalen skal vi synleggjere at bygda er for alle.

Dei heile startar laurdag 7. mai. Fyrst med eit forfattarmøte med Bjørn Hatterud på Volda folkebibliotek, før Bygdepride 2022 vert offisielt opna på Sæbø D/S Ekspedisjon av direktør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal, og konsert med Egil Olsen.

Måndag er det skeivt foredrag på Høgskulen i Volda ved fyrsteamanuensis Ola Teige. Om kvelden vert det kjærleikskafé i kantina på BK/storsalen på Rokken.

Tysdag 10. mai vert det ungdomskveld i Ørsta i si nye kultur- og konsertscene, Stødt Bar og scene. Tysdag vert det også Skeiv prat på Rokken i Volda.

Onsdag 11. mai slår Aasentunet til med Skeiv litteraturfest. Fleire kjende forfattar kjem på besøk.

I fjor vart tidenes fyrste regnbogemesse gjennomført i Ørsta kyrkje. Det skal verte ein tradisjon, og torsdag 12. mai inviterer Ørsta kyrkje og Bygdepride til ei ny regnbogemese.

Fredag vert det Bygdeprideparty på Rokken. Lizz med band og Pineapple Express skal på scena i løpet av kvelden. Og kanskje dukkar det opp nokre divaer også.

Laurdag 14. mai er den store paradedagen. Paraden startar kl. 15.00 på Steinrøysa, og endar opp i Uppheimsparken.

På kvelden vert det show med House of Divas på Stødt i Ørsta. Dessutan kan folk få med seg Eurovision på Rokken.

Vi i Bygdepride ynskjer alle velkomne til å vere med. Vi kjem med detaljar for kvart einskild arrangement etter kvart. Følg med på heimesida vår, og på sidene våre på Instagram og Facebook.

Alle nyhende ↩

Programmet for Bygdepride '22 er klart Programmet for Bygdepride '22 er klart Programmet for Bygdepride '22 er klart