Ørsta kyrkje og Bygdepride inviterer alle til regnbogemesse i Ørsta kyrkje torsdag 11. mai. Det skal verte ei raus og inkluderande gudsteneste som folk vil hugse.
Blant deltakarane i år er Hallgrim Nybø og Åmdalskoret Berre Damer. Hallgrim Nybø er opphavleg frå Åmdalen, og bur no i Oslo. Der er han medlem av koret Oslo Fagottkor, og folk har kanskje sett Hallgrim syngje solo saman med koret og KORK. Arrangørane er svært glade for at Hallgrim tek turen til Ørsta for å vere med på regnbogemessa.
Åmdalskoret Berre Damer har begeistra i mange år, og vil under regnbogemessa syngje to songar. Også Ballettskulen vil delta under gudstenesta.
Regnbogemessa vert arrangert for tredje gong i samband med Bygdepride, og ser ut til å verte ei årviss hending. Målet for gudstenesta er å gje rom for inkludering og refleksjon. Det vert også nattverd og lystenning.
– Alle er velkomne. Kom som du er, seier sokneprest Arne Moltubak og leiar i Bygdepride, Rune Sæbønes.