Pressemelding: SpareBank 1 Søre Sunnmøre og Bygdepride lengjer samarbeidet

SpareBank 1 Søre Sunnmøre og Bygdepride Ørsta/Volda har vore formelle samarbeidspartnarar sidan 2019. Då vart det gått inn ein treårig sponsoravtale. No er avtalen lengd med tre nye år.

– Vi er svært glade for samarbeidet vi har hatt med SpareBank 1 Søre Sunnmøre, og at samarbeidet no vert ført vidare for tre nye år, seier leiar Rune Sæbønes i Bygdepride Ørsta/Volda.


Han er særleg takksam for at banken vart ein viktig støttespelar under pandemien.
– To år med nedstengingar og restriksjonar, og ikkje moglegheit til å ha inntektsgjevande arrangement, gjorde det vanskeleg for oss. Samstundes sat vi med utgifter knytte til innkjøp, og vi ynskte også å markere oss digitalt. Utan den støtta vi hadde frå Sparebank 1 si side hadde vi ikkje kome oss igjennom pandemien slik vi gjorde. No er vi godt budde til å halde Bygdepride 2022 med ei rekkje fysiske arrangement frå 7. til 14. mai, og med ein solid støttespelar i SpareBank 1 Søre Sunnmøre i ryggen, seier Sæbønes.


Sparebank 1 Søre Sunnmøre er også nøgde med at samarbeidet vert ført vidare.
– Banken har lange tradisjonar for å føre delar av overskotet tilbake til der vi høyrer heime, og vi er glade for at vi kunne bidra til at Bygdepride kom seg gjennom den krevjande tida. No ser vi fram til å samarbeide i tre nye – og forhåpentlegvis pandemifrie – år. Eg er imponert over arbeidet Bygdepride gjer for eit ope og inkluderande samfunn i bygdene her. Kjærleik er kjærleik, seier Stig Brautaset, administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.


Årets Bygdepridefestival vert den mest omfattande nokon gong.
– Vi har konsertar, gudsteneste, eigen ungdomskveld, eigne studentkveldar, litteraturkveld, føredrag, dragshow, og sjølvsagt parade. Vi har dessutan oppgradert nettsida vår, bygdepride.no med ny profil. Der ligg heile programmet, seier Sæbønes.

Alle nyhende ↩

Pressemelding: SpareBank 1 Søre Sunnmøre og Bygdepride lengjer samarbeidet Pressemelding: SpareBank 1 Søre Sunnmøre og Bygdepride lengjer samarbeidet Pressemelding: SpareBank 1 Søre Sunnmøre og Bygdepride lengjer samarbeidet