Pressemelding: Ny leiar i Bygdepride

Rune Sæbønes trekkjer seg tilbake, og Anbjørn Steinholm Frislid er ny leiar i Bygdepride.

Bygdepride heldt årsmøte onsdag 2. oktober, og då vart Anbjørn Steinholm Frislid vald til ny leiar. Rune Sæbønes gav årsmøtelyden melding om at han trekkjer seg tilbake etter fire år som leiar.

Steinholm Frislid er ikkje ukjend med å vere leiar i Bygdepride. Han var leiar i dei tre fyrste åra organisasjonen eksisterte, før han tok til på studiar i Trondheim.

Bygdepride er ein medlemsorganisasjon der føremålet er å fremje aksept av og toleranse for skeive og deira rettar i lokalsamfunnet. Organisasjonen arrangerer kvart år Bygdepride-festivalen på Søre Sunnmøre og i Nordfjord.

Eg er veldig glad for at vi i dei siste åra har greidd å utvide nedslagsfeltet vårt utover Ørsta og Volda. Det at vi i mai greidde å halde regnbogemesse i Syvde kyrkje og ha kino i Ulsteinvik, varmar, seier Sæbønes.

Han understrekar at Bygdepride har etablert seg som noko viktig i lokalsamfunnet.

Vi er til for alle som kjenner noko annleis, seier Sæbønes.

Steinholm Frislid er klar for å leie Bygdepride vidare.

Eg er svært takksam for tilliten årsmøtet har gjeve meg, og eg ser fram til å arbeide saman med resten av styret det komande året. Bygdepride har utvikla seg mykje sidan vi starta organisasjonen tilbake i 2017, og det blir spennande å vere med i fortsetjinga på dette arbeidet, seier Steinholm Frislid.

Dette er det nye styret:

Anbjørn Steinholm Frislid (leiar)

Anita Irene Dahl (nestleiar)

Sander Hansen (økonomiansvarleg)

Annika Brandal (styremedlem)

Olav Myklebust (styremedlem)

Amalie Benberg (styremedlem)

Simon Dagfinrud (styremedlem)

Rune Sæbønes (varamedlem)

Emina Mamic (varamedlem)

Alle nyhende ↩

Pressemelding: Ny leiar i Bygdepride Pressemelding: Ny leiar i Bygdepride Pressemelding: Ny leiar i Bygdepride