Pressemelding: Dokfilm + Bygdepride = kjærleik

Det er sant! På årets Dokfilmfestival får du og ein smakebit av Bygdepride. På Dokfilm laurdag den 6. mai opnar nemleg Bygepride 2023. Dette blir feira med visning av to filmar med skeive tema og eit panel om korleis det er å vere skeiv på bygda. Dagen blir avslutta med konsert med brenn. på kvelden. Dette er første gong Den Norske Dokumentarfilmfestivalen samarbeider med Bygdepride.

Filmane som blir synte er Kunsten å vere syndig regissert av Ibrahim Mursal og Man Caves regissert av Céline Pernet.

I Kunsten å vere syndig følgjer me Ahmed Umar heim til Sudan. I Noreg har han vorte ein kunstar med suksess. I 2014 stod Ahmed fram som homofil og vart då den første opne homofile sudanaren. I heimlandet kan dette gje han dødsstraff. Ahmed reiser heim med håp om å verta godteken av sin eigen familie. Korleis kjem mor hans til å reagera? Kjem Sudan til å endra lova om dødsstraff for homofile?

I Man Caves stiller regissør og sosial antropolog Céline Pernet spørsmål til forholdet ho har til menn frå sin eigen generasjon. Ho legg ut ei annonse og menn i alderen 35 til 45 år stiller opp for å svara på spørsmåla hennar. Filmen tek eit engasjerande og omsorgsfullt blikk på notidas modell av kva maskulinitet er.

Den norske rockeduoen brenn. består av Edvard Smith Save og Rémy Malchére Pettersen. Du kjenner dei kanskje best for låta Jeg blir så dum frå albumet Vandrer på solskinn eller Keen frå albumet Elsker, som dei vann Spelemannprisen i klassen rock for i 2019. Dei skal spela herleg musikk til oss for å avslutta denne ekstra skeive dokfilmdagen.

Alle nyhende ↩

Pressemelding: Dokfilm + Bygdepride = kjærleik Pressemelding: Dokfilm + Bygdepride = kjærleik Pressemelding: Dokfilm + Bygdepride = kjærleik