Pressemelding: Bygdepride tek tryggleik på alvor

Bygdepride var laurdag 20. april representert på Tryggleikskonferansen for Pride-arrangement i Oslo.

Konferansen vart arrangert i regi av Justisdepartementet, Politiet, PST og Oslo Pride. Bygdepride var representert ved Rune Sæbønes og Anbjørn Steinholm Frislid.

- For Bygdepride er det viktig at alle som deltek på våre arrangement skal kjenne seg trygge. Vi har lokalt eit veldig godt samarbeid med Politiet, og som i alle dei åra vi har hatt Bygdepride har vore til stades og passa på. Politiet vil også vere til stades i år, seier Sæbønes

Årets Bygdepride vert halde frå 4. til 11. mai, og med parade i Volda 11. mai.

Under tryggleikskonferansen vart det generelle trusselbiletet presentert av PST, og politiet gjekk igjennom korleis dei arbeider med tryggleiken for dei forskjellige Pride-arrangementa.

Etter terroren mot Oslo pride og London pub i Oslo 25. juni 2022, har det vorte eit særleg fokus på tryggleiken under pridane og skeive arrangement elles. Konferansen i Oslo, den fyrste i sitt slag, var ein del av dette.

Konferansen vart opna av justisminister Emilie Enger Mehl. Ho la vekt på at det er eit myndeansvar å syte for tryggleiken i samfunnet. Difor er det avgjerande at styresmaktene og politiet er til stades på dei over 90 pride-arrangementa som er i landet, og skeive arrangement elles.

PST gjekk igjennom trusselbiletet før pridesesongen startar, der Bygdepride er mellom dei som er fyrst ute. PST underslo ikkje at det skeive miljøet kan vere eit mål for høgreekstreme og ekstreme islamistiske grupper. Likevel er det ingen indikasjon på at pridar og skeive miljø generelt er eit prioritert mål.

- Vi registrerer dette, og tek det med oss. Det er ingen grunn til å tru at Bygdepride og våre arrangement er noko spesielt mål, men vi skal tenkje tryggleik, og samarbeide godt med politiet, seier Steinholm Frislid.

Politiet er klar over at mengda av sjikane og hatprat aukar på sosiale medium når pridesesongen nærmar seg. Oppmodinga frå politiet si side er å ha låg terskel for å melde frå om dette.

- For oss vart det nyttig å delta på konferansen. Vi fekk vite meir om trusselbiletet, samstundes som vi fekk råd og tips til oss som arrangørar. Ikkje minst er erfaringsutvekslinga med andre pride-arrangørar viktig, seier Sæbønes.

Dei gler seg til saman med resten av styret, frivillige, sponsorar, medarrangørar og støttespelarar til å halde Bygdepride frå 4. til 11.mai.

- Og hugs orda til Franklin D. Roosevelt: “the only thing we have to fear, is fear itself”. Det vil seie at vi skal vere årvakne, men ikkje late frykt styre. Då vinn hatet, seier Sæbønes.

Alle nyhende ↩

Pressemelding: Bygdepride tek tryggleik på alvor Pressemelding: Bygdepride tek tryggleik på alvor Pressemelding: Bygdepride tek tryggleik på alvor