Pressemelding: Bygdepride i rute

Programmet til Bygdepride 2023 er på det meste klart. Det vert parade, dragshow, konsertar, forteljingar, regnbogemesse og ungdomskveld.

I år vert Bygdepride halde i Ørsta og Volda frå 6. til og med 13. mai. Laurdag 13. mai vert avslutningsdagen med parade gjennom Volda-gatene.

– I fjor gjekk kring 2.000 i paraden, og vi håper på like mange også i år. Om ikkje lenge vil vi sende ut påmeldingsskjema, der lag, organisasjonar, bedrifter, politiske parti kan vere med på å støtte skeive si stode, på bygde og elles, seier leiar i Bygdepride/Ørsta/Volda, Rune Sæbønes.

Det har vore eit spesielt år for skeive i Noreg. Terroren som råka i Oslo den 25. juni har sett sine spor. Mange skeive kjenner utryggleik.

– Difor vert tryggleik viktig under årets Bygdepride. Vi ynskjer at folk skal kjenne seg trygge i lokalsamfunna, og det vert best markert med god oppslutnad om arrangementa våre. Bygdepride er svært takksame for oppslutnaden vi har hatt siste åra, og at verksemder og institusjonar støttar oss med midlar og med å stille lokale til rådvelde, seier Sæbønes.

Mellom artistane som kjem til årets Bygdepride er Eirik Sognnes, Lizz, Sven Henriksen og Jarl Wåge. Dei er alle skeive kunstnarar som kvar for seg vil syte for eit heilt spesielt Bygdepride.

– Og vi arbeider framleis med programpostar som vil glede og overraske. Dei kjem vi tilbake til.

Programmet kan folk sjå på www.bygdepride.no.

Alle nyhende ↩

Pressemelding: Bygdepride i rute Pressemelding: Bygdepride i rute Pressemelding: Bygdepride i rute