Det meste er klart for årets Bygdepride. I år vert festivalen halden frå 4. til 11. mai, og med den flotte paradedagen i Volda som avslutning.
Det meste er klart for årets Bygdepride. I år vert festivalen halden frå 4. til 11. mai, og med den flotte paradedagen i Volda som avslutning.
I fleire år har Bygdepride ynskt å ha arrangement i fleire kommunar enn Ørsta og Volda. I år har vi lukkast. I tillegg til eit rikhaldig program i Ørsta og Volda, vert det arrangement både i Vanylven (Syvde) og i Ulstein (Ulsteinvik).
– Søndag 5. mai vert det regnbogemesse i Syvde kyrkje, og torsdag 9. mai vert det kino på Sjøborg med framsyning av filmen «All of us Strangers». Vi er glade for at vi har arrangement i fleire kommunar, og vi ynskjer å få til fleire arrangement på heile Søre Sunnmøre og i Nordfjord seinare år, seier leiar i Bygdepride, Rune Sæbønes.
Bygdepride vert opna med flaggheising ved Volda rådhus laurdag 4. mai. Utover festivalveka vert det skeiv pub, studentarrangement i samarbeid med studentprest og studenhumanist ved Høgskulen i Volda. Det vert som vanleg regnbogemesse i Ørsta kyrkje, og i år er det på torsdag 9. mai, Helgetorsdag.
Bygdepride vert avslutta med paradedagen i Volda 11. mai. Det vert parade frå Steinrøysa til Uppheimsparken, der det vert eit paradeshow med musikk og appellar. Appellantar er fylkesordførar Anders Riise, ein representant for ordførarane på Søre Sunnmøre og Nordfjord, Anbjørn Steinholm Frislid frå Bygdepride og Aleksander Divolino Honve.
Om kvelden på paradelaurdagen vert det show med draggruppa House of Divas på Rokken. Det fullstendige programmet kan folk få med seg på heimesida til Bygdepride.
– Bygdepride hadde ikkje vore mogleg utan samarbeidspartnarane våre. Det er mangeårige medarrangørar som Rokken og Ørsta kyrkje, og det er nye som Tredet, og Sjøborg. Vi er svært takksame overfor sponsorane våre med Sparebank 1 SMN som hovudsponsor. Og vi er takksame overfor kommunane våre.
Bygdepride ynskjer alle velkomne til å vere med.
– Det viktige med Bygdepride er at heile lokalsamfunnet vårt viser med deltakinga si at det er heilt ok å vere skeiv på bygda, seier Sæbønes
Han fortel at det ser ut til å verte god deltaking i paraden.
– Det er aldri for seint å melde seg på, og vi håper frivillige lag og organisasjonar og ymse fagforbund hengjer seg på, seier Sæbønes.