Bygdepride har etablert seg med eige kontor i Ørsta. I tillegg er organisasjonen no oppe og går med eigen nettbutikk.
– I nettbutikken vår sel vi forskjellige varer folk elles berre får kjøpt i festivalveka i mai. Varene er i hovudsak produsert med lokale partnarar, og inntektene går direkte til Bygdepride, fortel leiar for Bygdepride, Anbjørn Steinholm Frislid.
Bygdepride håper folk kan kjøpe julegåver frå sortimentet, og held nettbutikken open til og med søndag 15. desember.
– Og så opnar vi butikken att i byrjinga av januar. Etter kvart vil vi også utvide sortimentet med fleire varer, fortel Steinholm Frislid.
Varene frå nettbutikken vert sendt i posten til heile landet, eller dei kan hentast i dei nye lokala til Bygdepride i Strandgata i Ørsta.
– Vi har leigd kontor- og lagerplass i Røde Kors-huset. Kontoret vil vere ope kvar laurdag. Kom gjerne innom for ein handel, eller berre for ein prat, seier Steinholm Frislid.
Folk kan også avtale henting av varer kjøpt i nettbutikken på kontoret.