Pressemelding: Bygdepride '26 er i gang

Bygdepride 2026 er i gang, og også i år vil festivalen kulminere med paraden gjennom Volda sentrum.

Bygdepride vart sparka i gang laurdag føremiddag i Volda, då ordførar Sølvi Dimmen tradisjonen tru heisa regnbogeflagget i rådhusflaggstonga.

Utover den komande veka vert det ei rekkje arrangement.

– Vi hadde aldri fått til ein slik festival utan gode samarbeidspartnarar, som Høgskulen i Volda, Studenthuset Rokken og Ørsta kyrkje, seier leiar i Bygdepride, Rune Sæbønes.

Han nemner at det vert arrangement både på høgskulen og på Rokken. Torsdag 7. mai vert det regnbogemesse i Ørsta kyrkja, og i år vil fokuset vere på kyrkja sin veg til å godta likekjønna ekteskap og orsakinga til skeive som kyrkja kom med i fjor.

Laurdag 9. mai er den store paradagen i Volda. Denne samlar folk frå heile Søre Sunnmøre og Nordfjord.

Då vert det folkefest i Uppheimsparken. Paraden går som vanleg frå Steinrøysa, og med slutt i Uppheimsparken, der det ventar paradeshow med underhaldning og appellar.

– Vi ynskjer alle velkomne til å delta på arrangementa våre. Bygdepride er den viktigaste hendinga for skeive i heile Bygde-Noreg, og er stadig like naudsynt, seier Sæbønes.

Han oppmodar folk om å følgje Bygdepride si eiga nettside og Bygdepride sine kanalar på sosiale medium.

Alle nyhende ↩

Pressemelding: Bygdepride '26 er i gang Pressemelding: Bygdepride '26 er i gang Pressemelding: Bygdepride '26 er i gang