Pressemelding: Bygdepride 25 – viktigare enn nokon gong

Det er snart klart for Bygdepride 25. Laurdag 3. mai opnar festivalen med flaggheising i Volda og påfølgjande opningsarrangement i Ulsteinvik. Gjennom ei heil veke vil det vere fleire arrangement på Søre Sunnmøre og det heile vert avslutta med den store paradedagen i Volda laurdag 10. mai.

Bygdepride er viktigare enn nokon gong. Det handlar både om vilkåra for skeive i bygdene våre, men også at politiske strøymingar kring om i verda set press på rettar vi berre for få år sidan tok som ei sjølvfølgje, seier leiar Anbjørn Steinholm Frislid i Bygdepride.

Årets Bygdepride har mange spennande arrangement, med kafékveldar, panelsamtalar, kinoframsyning, kviss, regnbogemesser og konsertar. Og sjølvsagt parade.

Vi hadde ikkje greidd dette utan samarbeidspartnarane våre. Det gjeld både dei som støttar oss økonomisk, og dei som arrangerer for oss, som Studenthuset Rokken, Høgskulen i Volda, Aasentunet, kyrkjene, kommunar og ikkje minst hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre, seier Steinholm Frislid.

Blant ei rad spennande arrangement, trekkjer Steinholm Frislid fram panelsamtalen som vert halde i samarbeid med Likestillingssenteret på Vestlandet på Rokken onsdag 7, mai. Der vil det bli diskutert korleis det er å vere skeiv på bygda, og mellom paneldeltakarane er Mina Haugen frå Ørsta.

Han nemner også førpremieren på filmen «Tre fedre» på Ørsta kino tysdag 6. mai. «Tre fedre» er ein varm, nær og engasjerande film om Kristopher, David og Sindre som ventar sitt første barn saman. Forfattar og transaktivist Luca Dalen Espseth kjem til Ørsta for å innleie før filmen. Filmen har allereie fått internasjonal merksemd.

Og for dei som hugsar det aller fyrste Bygdepride i 2018. No skal banneret som vart nytta i front av paraden denne dagen på museum. Fredag 9. mai vert det formell overrekking av banneret til Stiftinga Viti på Brudavolltunet i Ørsta.

Bygdepride skal vere både fest og protest. Og i år avsluttar vi Bygdepride med ein skikkeleg fest på Rokken med Skatebård og Pastor Rex. Det er ein kveld folk berre må med seg, seier Steinholm Frislid.

Det fullstendige programmet til Bygdepride ligg på nettstaden www.bygdepride.no.

Steinholm Frislid ynskjer alle vel møtt til å delta på dei ymse arrangementa.

Hugs at Bygdepride ikkje berre er for skeive. Bygdepride skal vise at Søre Sunnmøre og Nordfjord er ein mangfaldig stad, der alle skal kjenne seg velkomne, understrekar Steinholm Frislid.

Alle nyhende ↩

Pressemelding: Bygdepride 25 – viktigare enn nokon gong Pressemelding: Bygdepride 25 – viktigare enn nokon gong Pressemelding: Bygdepride 25 – viktigare enn nokon gong