Pressemelding: Bygdepride '22 – større enn nokon gong

Programmet for Bygdepride 2022 er komplett. Det vert den største og mest omfattande skeive festivalen på bygdene i Noreg nokon gong. Frå laurdag 7. mai til søndag 15. mai.

– Vi er svært glade for at vi igjen kan vere ute i gatene og halde fysiske arrangement. Vi startar på Sæbø 7. mai med offisiell opning og konsert med Egil Olsen på Dampen, og avsluttar laurdag 14. mai med parade i Volda og dragshow på Stødt Bar & Scene i Ørsta. Mellom desse hendingane har vi svært mange arrangement både i Ørsta og Volda, seier leiar i Bygdepride Ørsta/Volda, Rune Sæbønes.

Han nemner eigne opplegg for studentane, ein eigen ungdomskveld i Ørsta, skeiv kulturkveld i Aasentunet, regnbogemesse i Ørsta kyrkje og Bygdepridefest på Rokken.

– Vi gler oss veldig, og håper folk på Søre Sunnmøre og i Nordfjord sluttar opp om arrangementa, seier Sæbønes. Han rettar også ei stor takk til alle sponsorar og medarrangørar.

Bygdepride har i år fått laga ein heilt ny grafisk profil. Denne og ei fullstendig oversikt over programmet kan folk få sjå ved å gå inn på bygdepride.no. Billettar kan folk finne på Tikkio.

Det er i år femti år sidan straffelova sin paragraf om homofili vart fjerna, og dette vert eit tema under Bygdepride.

– Det er ei feiring, for det var det verkelege startskotet på kampen for rettane til skeive i Noreg. Men Bygdepride er også ein protest, for der er enno kampar å ta, seier Sæbønes.

Han og styret i Bygdepride ynskjer alle velkomne til arrangementa, og spesielt paraden i Volda 14. mai.

– Fridom kjem alle til gode. Ikkje ta han for gitt, heiter det frå styret i Bygdepride Ørsta/Volda.

Alle nyhende ↩

Pressemelding: Bygdepride '22 – større enn nokon gong Pressemelding: Bygdepride '22 – større enn nokon gong Pressemelding: Bygdepride '22 – større enn nokon gong