Nok ein målblome til Bygdepride!

På Nynorskdagen 12. mai får Bygdepride Volda & Ørsta tildelt Målblomen frå Volda mållag, på Aasentunet.

I grunngjevinga heiter det:

Det skal ikkje så mykje til for å få tildelt ein målblome. Det kan vere at ein vert knipen i å nytte nynorsk i all sin kommunikasjon, god nynorsk og konsekvent nynorsk. Eller ein stå fram som ein stødig og klar dialektbrukar i alle situasjonar, også der det kan vekkje motstand. Eller ein kan på ulike andre måtar ha hjelpt til med å fremje målsaka.

Volda mållag ynskjer å gi ein målblome til BygdeprideVolda&Ørsta for god og konsekvent bruk av nynorsk i all skriftleg kommunikasjon, på prent og på skjerm. Og det i fullt medvit om bruken av eit engelsk ord i andrelekken av namnet. Ein vert ikkje diskvalisert av den grunn. “Stoltheit”, eller “byrgskap” er ei kjensle nynorskfolk kan kjenne seg att i, og særleg her vi står på denne staden, i dette rommet. Vi forstår at “pride”-ordet syner samanhengen til den internasjonale priderørsla, som de truleg var inspirerte av når de starta opp bygdepride, og som de ser dokker sjølve som ein del av.

Dette var lenge eit byfenomen, men no altså også på bygda. Det var ei tid då skeive på bygda – unge og eldre – kjende at dei måtte flytte til byen for å kunne leve eit ærleg liv. Slik er det heldigvis ikkje lenger, og i dette har bygdepride - ikkje berre i Volda og Ørsta, men etter kvart i fleire andre bygder - spelt ei avgjerande rolle.

Kva er samanhengen mellom bygdepride og målrørsla? For å seie det enkelt kan begge rørslene sjåast på som frigjeringsprosjekt. Å kunne uttrykke seg trygt og sjølvsagt på sitt eige språk er frigjerande. Å kunne leve etter slagordet “Kjærleik er kjærleik” er absolutt frigjerande. Målrørsla har ei lang historie, bygdepride heller kort, men eg trur nok vi kan kjenne oss att i kvarandre. All frigjering møter motstand. I Tarjei Vesaas sitt dikt om Ivar Aasen heiter det:

“Det går mangt eit menneske / og ser seg fritt ikring / for Ivar Aasens skuld”.

Vi kan gjerne seie:

“Det går mangt eit menneske / og ser seg fritt ikring / for Bygdepride si skuld”

Gratulerer med målblomen!

Alle nyhende ↩

Nok ein målblome til Bygdepride! Nok ein målblome til Bygdepride! Nok ein målblome til Bygdepride!