Tysdag vart Bygdepride Ørsta/Volda overrekt Målblomen frå Ørsta Mållag.
I grunngjevinga heiter det:
"Bygdepride brukar konsekvenst nynorsk når dei skal kommunisere ut til ålmenta på nettsida deira eller på Facebook-sida. Språket er klart og tydeleg. Bruken viser at nynorsk kan brukast i alle samanhengar, og vi gler oss over at ein også kan vere skeiv på nynorsk."
Vi i Bygdepride er glade for heideren, og vi seier at nynorsk er eit glitrande skeivt språk. Kjærleik er kjærleik.