
Søndag 4. mai fann vi dei to flagga våre på Rossåbrua i Ørsta på bakken med kappa flaggliner. Fredag kveld 9. mai/natt til laurdag 10. mai vart alle regnbogeflagga våre på pynteflaggstengene i Ørsta og Volda stole.
To flagg på Morkabrua i Ørsta, to flagg på Osbrua i Ørsta, tre flagg i Hamnegata i Volda og eitt flagg i Uppheimsparken i Volda. I tillegg vart flagglinene dregne ut på fleire av dei kommunale pynteflaggstengene. Ørsta og Volda kommunar har meldt skadeverket på flaggstengene til politiet.
Laurdag kveld 10. mai/natt til søndag 11. mai vart to nye flagg stole frå Osbrua i Ørsta. Tjuveriet av dei totalt 10 flagga har vi meldt til politiet. I dag fekk vi tips om at ein haug med flagg låg halvvegs oppbrende på Mosflata i Ørsta. Politiet er varsla om dette og etterforskar saka.
I tillegg til dette fann vi søndag ettermiddag dei store bokstavane som stava KJÆRLEIK i Uppheimsparken i Volda totalt ramponert. Dette er også meldt til politiet.
Vi manglar også eit regnbogeflagg som har forsvunne frå flaggstonga på Tusenårsplassen på Hareid. Dette har truleg forsvunne i tidsrommet fredag kveld den 9. mai/laurdag formiddag 10. mai.
Vi ber alle som veit noko som kan leie til at vi får oppklart saka om å melde det til politiet. Politiet kan du nå på 70 11 87 00 (sentralbord) eller 02800, eller på e-post post.moreogromsdal@politiet.no.
Takk for alle tips og hjelp med å få oppklart kva som har skjedd. Del gjerne statusen slik at fleire kan hjelpe oss.