
Årets vinnar av Bygdeprideprisen er ein vegvisar for næringslivet.
Bygdepride deler kvart år ut Bygdeprideprisen. Bygdeprideprisen vert delt ut til ein person eller organisasjon som på ein utmerka måte har gjort ein særskilt innsats for skeive personar si stilling i bygdesamfunnet.
Årets vinnar av Bygdeprideprisen er ein vegvisar for næringslivet. Verksemda har sjølv eigne klare og definerte mål for å arbeide for mindre ulikskap i samfunnet.
For oss i Bygdepride handlar det om å vise ei vilje og ei evne til å syne mangfald og inkludering. Prisvinnaren ikkje berre seier at dei skal gjere det, men viser det også.
Dette er ikkje sjølvsagt i ei tid der det internasjonalt vert hardare. For å kunne handle med USA, må einskilde verksemder, også i Noreg, bokstaveleg tala skrive under på at dei ikkje vil støtte arbeid for mellom andre skeive.
Årets prisvinnar har støtta frivillig arbeid i lokalsamfunna i årevis. Det gjeld også Bygdepride. Vi har fått økonomisk støtte frå denne aktøren sidan starten i 2018, og frå 2019 vart verksemda hovudsponsoren vår.
Men det er ikkje difor Sparebank 1 SMN Volda (tidlegare Søre Sunnmøre) får prisen. Prisen vert gjeven til denne verksemda fordi dei viser vilje og evne til å arbeide med inkludering og mangfald, både internt og eksternt. Sparebank 1 SMN Volda viser ei glede med å stille opp for oss, og den gleda smittar over på andre.
Bygdeprideprisen for 2025 går til Sparebank 1 SMN, avdeling Volda.