Bygdeprideprisen til Høgskulen i Volda

I følgje vedtektene til prisen skal Bygdeprideprisen delast ut til ein person, institusjon, berift eller organisasjon som på ein utmerka måte har gjort ein særskilt innsats for skeive personar si stilling i bygdesamfunnet.

I år går prisen til ein institusjon som verkeleg har markert seg til fordel for skeive. Då Bygdepride vart starta for ni år sidan, var denne institusjonen raskt frampå. Både med å signalisere pengestøtte, men også like viktig, med å tilby programpostar for festivalen vår.

Ettersom åra har gått, har dette samarbeidet berre utvikla seg positivt. Denne institusjonen gjer verkeleg det dei kan for å framheve Bygdepride, skape eigne hendingar og arrangement, og få fram bodskapen.


Det fører oss over til den andre delen av grunngjevinga for kvifor denne institusjonen gjer seg så utruleg fortent til prisen. Det handlar om å vere til for alle. Å akseptere at folk er ulike. Å akseptere at nokon bryt med dei vanlege normene.


Denne institusjonen reklamerer for at han er for alle. Denne institusjonen ynskjer at folk med herlege variasjonar kjem. Uavhengig av kvar du er frå i verda, kva transportmiddel du må bruke, bil, sparkesykkel eller rullestol, kva legning du har eller kva kjønnsidentitet du har.


Denne institusjonen greier å gjennomføre dette, og er eit føredøme.
Folkens. Vi i Bygdepride er ikkje i tvil. Bygdeprisen 2026 vert tildelt Høgskulen i Volda.

Alle nyhende ↩

Bygdeprideprisen til Høgskulen i Volda Bygdeprideprisen til Høgskulen i Volda Bygdeprideprisen til Høgskulen i Volda