Vil du opptre på Bygdepride '20?

Vil du eller di gruppe opptre på Bygdepride '20? Då er vi på utkikk etter deg! Vi treng artistar til å opptre før og etter Bygdepride-paraden.

Bygdepride inviterer lokale og unge musikalske talent til å delta under Bygdepride '20. Det vil skje laurdag 9. mai i Propellhallen i Volda, i samband med paraden under Bygdepride. Vi tenkjer oss at det kan verte innslag både før og etter paraden. Arrangementet i Propellhallen har dei to føregåande åra vore svært stort, med eit publikum på mellom tusen og 1.500. Det er eit fint høve til å få markert seg – og samtidig vere med på å støtte ei god sak om inkludering og mangfald på bygdene våre. 

Viss du er interessert, kontakt oss på hei@bygdepride.no