Programmet er klart!

Bygdepride Ørsta/Volda er utruleg glade for å kunne presentere programmet for Bygdepride 2019. Vi gler oss, og det håper vi de gjer også. Alle er hjarteleg velkomne frå 8. til 12. mai. #frifråskam #bygdepride

Onsdag 8. mai 

Teater i Aasen-tunet: Ingen er homo i 2. divisjon.

Torsdag 9. mai

Historiekveld hjå Ørsta kino: Bygdehomo og Bohemian Rapsody. Helsingar og talar i forkant.

Fredag 10. mai

14.00: Historisk i Aasen-tunet: Skeiv barnelitteratur gjennom historia.Direktør Per Magnus F. Sandsmark og bibliotekar Siri Beate Gjerde syner fram nynorsk barne- og ungdomslitteratur med skeive hovudpersonar. Tore Holte Follestad fortel om skeiv historie siste femti åra i Ø/V. I etterkant samtalepanel om det å vere skeiv på bygda, før og no.

21.00: Bygdeprideparty på Rokken: Side Brok/Sirkel Sag og Pineapple Express.

Laurdag 11. mai 

15.00: Parade. Appellar og utdeling av Bygdeprideprisen. 

21.00: Dj på Rokken.

Søndag 12. mai

13.00: Pride på bygda. I samarbeid med Vartdal TIL og Sunnmøre fotballkrets inviterer vi til folkefest. "Heilt ok å vere skeiv i idrett". Vartdal idrettsanlegg.