Pressemelding: Sponsoravtale med Sparebank 1

Bygdepride har inngått ein sponsoravtale med Sparebank 1 Søre Sunnmøre for året 2019. Dette bidrg sterkt til at vi klarer å gjennomføre arrangementet.

Bygdepride byggjer godt omdømme.

– Bygdepride i fjor var omdømmebygging for Ørsta og Volda. Sjeldan har regionen fått ei slik positiv merksemd, både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Det seier leiar Anbjørn Steinholm Frislid i Bygdepride. Han er glad for at Bygdepride har fått SpareBank 1 Søre Sunnmøre som hovudsponsor. Banken går inn med ein vesentleg sum i støtte til festivalen som i år vert halde frå 8. til 12. mai.

– Dette gir arrangementet vårt eit godt økonomisk fundament. Det kostar litt pengar å arrangere Bygdepride, for vi ynskjer at publikum skal få gode, meiningsfulle og flotte kulturopplevingar under festivalen, seier Steinholm Frislid.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er også nøgde med å kunne støtte Bygdepride.

– Bygdepride er ein viktig festival som Sparebank 1 Søre Sunnmøre er glade for å støtte. Alle skal ha like rettar, noko ein gjennom Bygdepride får synleggjort gjennom ulike arrangement. Som lokal bank skal vi vere ei drivkraft for å gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre. Bygdepride er heilt klart eit viktig ledd i dette, seier Vidar Egset, HR-sjef i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Bygdepride vart halde for fyrste gong i mai i fjor. Under dei fire dagane var over 5.000 folk samla. Det var parade, friluftskonsert, bygdekino og kyrkjekonsert mellom anna.

Bygdepride hadde som føremål å synleggjere skeive sine rettar i lokalsamfunnet, og at bygda skal vere for alle.

– Årets festival vil byggje mykje på det same som i fjor. Vi skal ha teater, kino, konsertar og sjølvsagt parade. Paraden vert i Volda 11. mai. Vi kjem med eit programslepp i februar. Mykje er på plass, og noko står endå att, seier Steinholm Frislid.

I tillegg til å arbeide med programmet, vert mykje av arbeidet no konsentrert om å sikre økonomien. Festivalen i fjor gav eit overskot som vert med inn i årets festival. Steinholm Frislid ser det som umåteleg viktig at Sparebank 1 Søre Sunnmøre er med på laget.

 – I fjor var sal av billettar og flagg/effektar den viktigaste inntektskjelda. I tillegg fekk vi ein god del offentleg støtte, og mange privatpersonar støtta oss med pengegåver. Vi fekk også støtte frå det private næringslivet, men akkurat det tok ikkje laust før i dagane inn mot festivalen. Vi synest ikkje det var så rart, for Bygdepride var noko ukjent og framand. I år håper vi at vi vil få fleire frå det private næringslivet med oss, seier Steinholm Frislid.