Pressemelding: Regnbogemesse i Ørsta kyrkje

På ein pressekonferanse torsdag, i dag, kunne Bygdepride og Ørsta sokneråd meddele at det for fyrste gang vert arrangert ei regnbogemesse på Søre Sunnmøre.

– Vi er umåteleg glade for at Ørsta sokneråd opnar Ørsta kyrkje for ei regnbogemesse. Dette viser at kyrkja meiner noko med å vere for alle.

Det seier Anbjørn Steinholm Frislid, leiar i Bygdepride Ørsta/Volda. Han og styret for Bygdepride Ørsta/Volda er stolte over å presentere det fyrste av mange arrangement under Bygdepride 2020, sesong 3. 

Det vert regnbogemesse i Ørsta kyrkje, torsdag 7. mai. Ei regnbogemesse er ei nær vanleg gudsteneste, men der liturgien legg vekt på inkludering. Gjennom tekstar, musikk og vanlege gudstenestehandlingar, handlar ei regnbogemesse om å høyre heime. Her kan alle, uansett kven ein er, møtest, og saman gjennom tekstar og song kjenne ein fellesskap.

– Vi veit at det er mange skeive i Ørsta/Volda, ja på heile Søre Sunnmøre og Nordfjord, som ikkje har kjent seg heime i kyrkja. Det har vore for mykje vondt. Mange av oss har ei kristen tru. Det ikkje å kjenne seg velkomen, har vore tungt for mange, seier Steinholm Frislid.

Han har vanskeleg for å finne orda:

– Tenk, for to år sidan, då Bygdepride vart arrangert for fyrste gong. Då var vi noko rart og skummelt. No ynskjer Ørsta sokneråd oss velkomne. Det er litt av ei reise, seier Steinholm Frislid.

No ynskjer altså Ørsta sokneråd å markere at gudstenestefellesskapet er ope for alle:

– Som sokneprest er eg stoltog glad for at Bygdepride ynskjer å legge eit av sine arrangement til Ørsta kyrkje og samarbeide med soknerådet om ei regnbogemesse. Slik synleggjer vi at gudstenesta og kyrkjerommet er eit stort rom som kan romme breidda av menneskelege erfaringar. Eg vonar dette vert ei messe, ikkje berre for spesielt interesserte, men for alle som ynskjer å vere del av eit fellesskap med rom for tru og tvil, der vi saman, som sårbare menneske, kan ta imot Guds nåde og kjærleik i våre liv, seier sokneprest Arne Moltubak.

Det er sett ned ei programnemnd som skal gje rammene for messa. Det er altså ei vanleg gudsteneste, men med noko litt attåt. Vinnar av Stjernekamp i 2015, Knut Anders Sørum, vil ta del. 

Prost Ingeborg Matre vil og delta. 

– Det at kyrkja med prestane og andre kyrkjeleg tilsette stiller så massivt opp for regnbogemessa, det rører oss. For få år sidan, ville dette ha vore utenkjeleg, seier Steinholm Frislid. Han og Ørsta sokneråd ynskjer alle velkomne, skeive som rette. Her er poenget at folk saman skal kjenne tilhøyrigheit. 

Etter gudstenesta vil det verte eit kveldssete på kafeen Fugl Føniks. 

– Vi trur messa kan vekke sterke kjensler. Då kan det vere godt at vi i ettertid kan møtest, og ta oss ein prat. Kyrkja vil ha sine folk til stades, og vi i Bygdepride også. Ta ein prat, og alle samtalar vert mellom oss, seier Steinholm Frislid.

Undervegs på kveldssetet vil Knut Anders Sørum spele og syngje.