Pressemelding: Nytt styre i Bygdepride

Årsmøtet i Ørsta/Volda Pride har vedteke å endre namn på organisasjonen til Bygdepride. Datoane for arrangementet i 2019 er førebels sett til 10. til 12. mai.

– Vi endrar namn fordi vi meiner Bygdepride fortel meir kven vi er. Det er Bygdepride vi er kjende for, og det er eit namn det er enklare å identifisere seg med, seier attvald leiar, Anbjørn Steinholm Frislid.

Tysdag vart det halde årsmøtet i Bygdepride (Ørsta/Volda Pride). Det er om lag eitt år sidan organisasjonen vart starta, og der hovudføremålet var å arrangere det fyrste pride-arrangementet i Ørsta og Volda. Dette arrangementet fekk namnet Bygdepride, og vart halde frå 10.–13. mai i år. I overkant av 5.000 personar deltok på dei ulike arrangementa.

– Vi ynskte å synleggjere at bygda er for alle, uansett legning, og at ingen lenger skal måtte flykte frå bygdene for å verte akseptert for den dei er. Vi meiner vi lukkast med å få fram denne bodskapen, seier Steinholm Frislid.

No startar arbeidet fram mot eit nytt arrangement.

 – Vi håper på like stor støtte frå frivillige og lokalsamfunnet elles som vi opplevde i vår. Det er ei støtte vi har sett veldig stor pris på, og er takknemlege for, seier Steinholm Frislid.

Han understrekar at sjølv om det var eit vellukka arrangement sist vår, er arbeidet for skeive sine rettar i bygdesamfunnet framleis like viktig.

– Det har vi mellom anna sett gjennom påstandar som har kome i ymse innlegg i aviser og på sosiale medium i etterkant av Bygdepride, seier Steinholm Frislid. Det vart valt nytt styre i Bygdepride. I styret sit Anbjørn Steinholm Frislid (leiar), Roy Aleksander Farstad (nestleiar), Anne Marta Holsvik (økonomiansvarleg) og Rune Sæbønes, Ingrid Kristine Sylte, Jonathan Gaathaug, Synnøve Solstad Hefte og Gjøri Dalsbø som styremedlemmer. Benedikte Kåss er vara.