Pressemelding: Kyrkjekonsert

Det siste arrangementet under årets Bygdepride er no klart. Søndag 13. mai vert festivalen avslutta med ein konsert for mangfald og likeverd i Volda kyrkje.

Artistane på konserten er Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda, Øyvind Skatvedt Robak, Stig Ulv og Venke Leite og John Inge Bjøringsøy.

- Vi er veldig glade for å få til dette arrangementet, og meiner dette vert ei fin og verdig avslutning på tidenes fyrste Bygdepride, seier leiar Anbjørn Steinholm Frislid i Ørsta/Volda Pride.

Bygdepride vert arrangert i dagane frå 10. mai til 13. mai i Ørsta og Volda kommunar. Mellom arrangementa er utandørskino på Sæbø 10. mai, Bygdepride-parade i Volda 11. mai. Om kvelden vert det konsert og party på Rokken med Pineapple Express og Amini. 

Laurdag er det gratiskonsert i Lageuneparken i Ørsta med Sunnmøre Baarelag, Pikekysz, Urørt-vinnar Jon Olav Sandal og Egil Olsen.

Og søndag vert det heile avslutta med ei spinningykt hos Stamina før konserten i Volda kyrkje.

- Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til å vere med på arrangementa. Der det er billettsal, kan folk kjøpe på førehand hos Tikkio, seier Steinholm Frislid.

Meir om Bygdepride kan folk lese på www.bygdepride.no og på Ørsta/Volda Pride sine fb-sider.