Pressemelding: Informasjonsmøte

Arbeidet med det fyrste Pride-arrangementet i Ørsta og Volda går framover med stormsteg. No er Ørsta/Volda Pride klare til å presentere ramma rundt programmet.

Møtet vert halde komande tysdag 6. februar på Høgskulen i Volda, i Berte Kanutte-bygget, rom Lille BK, kl. 19.00.

Ørsta/Volda Pride vert halde i dagane 10. til 13. mai, med arrangement både i Ørsta og Volda kommunar. Føremålet med arrangementet er å fremje LHBT-personar sine rettar, og samstundes synleggjere at bygdene Ørsta og Volda er inkluderande.

Vi håper å få vist fram at Ørsta og Volda er bygder prega av mangfald og toleranse, seier nestleiar i Ørsta/Volda Pride, Marthe Sommervold Christiansen.

Frivillige

På informasjonsmøtet ynskjer Ørsta/Volda Pride alle interesserte velkomne, både dei som vil vite meir om kva som skal skje, og ikkje minst alle dei som ynskjer å medverke og hjelpe til.

Vi har behov for mange frivillige, kort og godt mange hender. Vi ynskjer å kome i dialog med dei som vil hjelpe oss tidlegast mogleg, seier Sommervold Christiansen.