Pressemelding: Bygdepridefilmen '21

Vi trur denne filmen vil gje folk ein latter, ein wow-effekt, og litt tid til ettertanke. Det seier Rune Sæbønes, leiar i Bygdepride Ørsta/Volda, og Atle Remmereit, dagleg leiar i produksjonsselskapet Oclin.

Komande laurdag er det premiere på paradefilmen til Bygdepride. Filmen erstattar paraden, for heller ikkje i 2021 er det råd med arrangement som samlar fleire tusen folk.

I filmen møter vi folk i gater og grender som har halde lokale miniparadar. Vi møter musikarar, komikarar, politikarar og kjende tv-fjes. Det er sketsjar og forteljingar. Og spektakulære filmklipp.

Filmen er i god Bygdepride-ånd.

  • -Vi vil vise fram at bygdene våre er opne og inkluderande. Det skal vere heilt i orden å bu på bygda, også om du er litt annleis, seier Sæbønes.
  • -Vi måtte gjere noko digitalt, og bestemte oss for å kontakte Oclin for å få profesjonell hjelp til ein film. Og takka vere hovudsponsoren vår, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, fekk vi finansiert dette. Det er vi svært takksame for, seier Sæbønes.

Bygdepride og Oclin oppretta kontakt i januar. Då innsåg styret i Bygdepride at det neppe vart parade i år heller.

Atle Remmereit i Oclin er klar på kvifor dei medverkar.

- Vi har gode venner som får eit betre liv av at lokalsamfunnet brukar ei stund av året sitt på å vise støtte til Bygdepride. Behovet for denne markeringa er dessverre stor, og eg synest Bygdepride har bevist at haldningane på bygda ikkje er så verst. Det er ei glede for oss å kunne bidra til årets digitale alternativ, sjølv om vi synes ekte parade er det aller beste, seier Remmereit.

Bygdepride er overvelda over responsen til filmen, for det er svært mange som har ynskt å medverke.

- Nesten litt for mange, seier Remmereit med eit smil.

- Det vert ein brutal klippejobb. Det fine er at ein får med seg litt meir enn paraden. Eg trur at mange som ser filmen skulle ynskje at dei deltok sjølve, og gler seg til neste års Bygdepride.  Sidan februar har det vorte arbeidd med å lage skissene for filmen.  Folk har vorte kontakta og bedne om å verte med. Opptaka til filmen starta etter påske, og i tre veker har det vore eit køyr for å få alt på plass, fortel Remmereit.

Bygdepride er svært glad for at Oclin tok på seg prosjektet.

- Vi er imponerte over profesjonaliteten. Og engasjemenet. Dette er ekte, seier Sæbønes.

- Lokale samarbeid er alltid stas. Det er ekstra stas når betydninga er så stor. Engasjementet rundt filmen har vore veldig bra, seier Remmereit.

Mellom dei som er med i filmen er Thomas Ryste, Kirsten Ose, Arill Riise, statsminister Erna Solberg og Ørsta hornmusikk.

Resten må nesten vere ei overrasking, seier Remmereit og Sæbønes.