Pressemelding: Bygdepride både vår og haust

Bygdepride Ørsta/Volda har bestemt seg for å dele arrangementet. I mai vert det arrangement med god avstand og filmlansering. I oktober vert det m.a. regnbogemesse.

– Smittevernrestriksjonane gjer det uråd å halde arrangement som i utgangspunktet skal samle mykje folk. Difor bestemte vi allereie i januar at det ikkje vart parade. Vi har arbeidd med ei flott regnbogemesse i Ørsta kyrkje. Opplegget for denne er klar, og vi har kome til at det vert heilt feil å arrangere denne med få folk i kyrkja. Vi ynskjer ei fullsett kyrkje til hausten, seier Rune Sæbønes, leiar i Bygdepride Ørsta/Volda.

Dette gjeld også ein planlagt ungdomskveld med musikk og foredrag. Denne er også utsett til hausten.

– Vi håper også at vi i oktober har kome så langt i gjenopninga at det vert mogleg med større konsertar. Difor har vi på blokka å kunne arrangere eit stort Bygdepride-party då, seier Sæbønes.

Den 10. mai opnar Bygdepride del 1 med spinning med Pride-tema på Family Sports Club på Spinneriet i Volda.

Fredag den 14. mai vert det invitert til ei samling i Ivar Aasen-tunet med mellom anna boklansering.

Og laurdag 15. mai vert paradefilmen lansert.

– I samarbeid med Oclin i Volda lagar vi paradefilm. Her vert det mange overraskingar, humor, musikk og lokale innslag. Vi håper enno folk kan melde seg med å halde lokale parade-kohortar. Då kan Oclin kome og filme. Vi må vere ferdig med innspelinga til 7. mai, seier Sæbønes.

Folk kan ta kontakt med Bygdepride Ørsta/Volda om dei vil vere med på filmen.

Bygdepride del II vert i dagane 6. til 9. oktober.

– Då har samfunnet truleg kome så langt at det er mogleg å samle folk. Vi ser fram til å halde regnbogemessa i Ørsta kyrkje. Vi ser fram til å kunne halde eit rusfritt ungdomsarrangement, og vi ser fram til, om mogleg, å kunne samle mange til eit skikkeleg Bygdepride-party, seier Sæbønes.