Pressemelding: Digitalt Bygdepride

Bygdepride 2020 vart avlyst som fysisk arrangement. Likevel, det vert arrangement digitalt.

Torsdag 7. mai og laurdag 9. mai er datoane for arrangementet. Torsdag kveld vert det ein minikonsert med Knut Anders Sørum ofg ei helsing frå sokneprest i Ørsta, Arne Moltubak. Laurdag ettermiddag og kveld vert det appellar frå mellom andre kulturminister Abid Raja, leiar i FRI, Ingvild Endestad, ordførarane i Ørsta og Volda og frå Bygdepride sin eigen Anbjørn Steinholm Frislid.

– Bygdepride vart skipa for å fremje skeive sine rettar på bygda, og vi ville vise at bygdene våre er tolerante og aksepterande. Vi ynskjer å halde fram med å vise at bygdene våre er slik. Dette er viktig, ikkje berre for skeive, men for alle som kjenner seg litt annleis. Ørsta/Volda, Søre Sunnmøre og Nordfjord, skal vere samfunn der det er heilt greitt å vere den du er, seier leiar i styret for Bygdepride Ørsta/Volda, Anbjørn Steinholm Frislid.

Oppmodar til flagging

– Vi oppmodar også folk til å flagge med regnbogeflagg laurdag 9. mai. Sjølve kjem vi til å nytte oss av løyva frå Ørsta og Volda kommunar til å flagge i deira pynteflaggstenger, seier Steinholm Frislid.

Bygdepride vart for fyrste gong skipa i 2018. Det var fyrste gong det vart halde ein skeiv festival på bygda, og mange tusen tok del i feiringa.

– Homofili smittar ikkje, men Bygdepride gjer det, sa Steinholm Frislid då han takka for likestillingsprisen til Møre og Romsdal fylkeskommune i oktober 2018.

Då hadde Bygdepride medverka til å skape tilsvarande arrangement over heile landet.

Takkar hovudsponsoren

Styret for Bygdepride Ørsta/Volda var i full gang med å planleggje Bygdepride 2020 då koronakrisa kom. Styret forstod at det ville vere uråd å få til eit fysisk arrangement som planlagt, frå 4. til 9. mai.

– Sjølvsagt vart vi veldig lei oss. Både fordi sjølve arrangementet vart avlyst, men også fordi vi allereie hadde kjøpt inn ymse varer, og som medførte ei vesentleg utgift for oss. Heldigvis stod Sparebank 1 Søre Sunnmøre ved sponsoravtalen sin. Det er vi utruleg takksame for, seier Steinholm Frislid.

Samarbeid med kyrkja

Eit av hovudarrangementa som skulle vere under årets Bygdepride, var regnbogemessa i Ørsta kyrkje.

– Difor er vi veldig glade for at sokneprest Arne Moltubak tek del. At kyrkja viser eit ekte engasjement, har veldig mykje å seie for skeive i samfunnet vårt, seier Steinholm Frislid.

Programmet for digitalt Bygdepride kan folk få oversikt over på Bygdepride si eiga heimeside, bygdepride.no, og på facebooksida til organisasjonen.

Nettbutikk

På Bygdepride si heimeside er det også nettbutikk.

– Der har vi ein eigen korona-kolleksjon, regnbogeflagg og mange andre effektar, seier Steinholm Frislid.

– Vi kjende eit ansvar for også å skaffe eigne inntekter under koronakrisa, og vi er glade og takksame over at mange allereie har kjøpt varer frå nettbutikken. Vi bringar på døra i Ørsta/Volda, og sender i posten til dei som tingar frå andre stader, seier Steinholm Frislid.

Han og Bygdepride oppmodar folk om å ta del.

– Bli med på dei digitale arrangementa. Leit fram regnbogeflagget, og flagg, anten det er frå flaggstonga, altanen eller vindauget. Ørsta og Volda, ja heile regionen vår, endra seg til det betre dei herlege mai-dagane i 2018. Vis at det framleis skal vere slik – og at vi er sterkare saman, oppmodar Steinholm Frislid.