Bygdepride-butikken

​Det er ein månad igjen til Bygdepride i Volda og Ørsta, og vi har fått spørsmål om sal av flagg og effektar. Sjølvsagt vil vi selje regnbogeflagg og anna, til rimelege prisar.

Vi vil ha utsal i dagane og timane før både paraden i Volda 11. mai og friluftskonserten i Ørsta 12. mai. Sjekk ut Bygdepride-butikken for meir informasjon. Der er også ei oversikt over utval og prisar.