Bygdepride '20 er avlyst

Landet vårt står i ein ekstrem situasjon. I samråd med helsestyresmakter, og for å vere med på den nasjonale dugnaden: Bygdepride 2020 er avlyst.

- Det er sjølvsagt leitt, men liv og helse kjem fyrst, seier leiar for Bygdepride Ørsta/Volda, Anbjørn Steinholm Frislid. 

Det er enno ikkje gitt helsefaglege råd utover påske, men vi i Bygdepride meiner at ein festival i Ørsta/Volda frå 4. til 9. mai vil vere uforsvarleg. Difor er det vedteke i styret å avlyse årets festival. Det vert inga utsetjing, slik at Bygdepride 2021 er neste målet for oss. 

Vi er svært takksame overfor medarrangørar og artistar for at dei i dei siste dagane har meldt forståing for avgjerda vår. Vi alle kjem sterkt tilbake om eitt år. 

Ei særskild takk går til Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Dei hadde ikkje trengt å stå ved sponsoravtalen. Det gjer dei. Då greier vi å betale for det som allereie er kjøpt inn, ogvi kan starte planlegginga av Bygdepride 2021 med stort pågangsmot. 

Hugs: kjærleik er kjærleik, sjølv om du står ein meter i frå. Ta ansvar