Billettsalet har starta!

Billettsalet har no endeleg starta! Sikre deg din billett allereie i dag!

10. mai arrangerer Hjørundfjord Filmteater filmframsyning ved Sæbø Dampskipsekspedisjon. Den sprudlande filmen Pride er ein britisk komedie frå 2014. Den fortel den sanne historia om korleis unge urbane homofile frå London må kome streikande walisiske gruvearbeidarar til unnsetjing. Dette blir ein kulturkrasj av dimensjonar! 

Før filmen vil det bli opningstalar, samt miniforedrag av filmskapar og Høgskulelærar ved Høgskulen i Volda, Trygve Nielsen, om queer-cinema. 

Billettar finn du på Tikkio!

Etter Bygdepride-paraden i Volda 11. mai, er det klart for tidenes pride-party på Rokken. Ørsta/Volda Pride har booka indiepop-duoen Amini, og verdas beste skrangleband, Pineapple Express!

Billettar finn du på Tikkio!