JON OLAV

Jon Olav Sandal, med artistnamnet JON OLAV, er frå Barstadvik i Ørsta kommune. Nyleg vann 22-åringen Urørt-finalen på NRK P3, og vert rekna å vere ein av landet sine fremste unge musikktalent.

Jon Olav utmerkte seg tidleg som songar og musikar. Han har vore med på Ungdommens Kulturmønstring fleire gonger, og stått på scena som vokalist under musikklina til Volda vidaregåande skule sine musikalar.

Jon Olav er no busett i Oslo, og satsar på ei lang og god musikkarriere. Med låtane ”Hei Erna” og ”Talentfabrikk” har han vist at han vågar å gå eigne vegar. Tekstene vert av mange peika på som politiske, medan Jon Olav sjølv berre kallar seg engasjert.

Sist endra 26.03.18 17:20