Regnbogemesse i Ørsta kyrkje

Start: 19:00 Slutt: 20:30 Dato: 07. mai

Bygdepride og Ørsta sokneråd er stolte av å kunne invitere alle til regnbogemesse i Ørsta kyrkje. Gjer porten høg, gjer døra vid.

Torsdag 7. mai arrangerer Bygdepride og Ørsta sokneråd regnbogemesse i Ørsta kyrkje. Det blir ei vanleg gudsteneste som likevel blir uvanleg. Ho handlar om inkludering, fellesskap og at vi alle er skapte i Guds bilete. Det blir musikalske innslag med tidlegare stjernekamp-vinnar, Knut Anders Sørum. Regnbogemessa er open for alle!