Kyrkjekonsert

Start: 20:00 Slutt: 22:00 Dato: 13. mai

Det siste arrangementet under årets Bygdepride er no klart. Søndag 13. mai vert festivalen avslutta med ein konsert for mangfald og samhald i Volda kyrkje.

Artistane på konserten er Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda, Øyvind Skatvedt Robak, Stig Ulv og Venke Leite og John Inge Bjøringsøy.

Dette vil verte ei flott og verdig avslutning på Bygdepride.

Symfoniorkesteret ved Høgskulen opnar konserten med «Ut mot havet» før soloartistane slepp til. Stig Ulv frå Ørsta har gjort seg kjend som ein gitarist med eit eige særpreg, og har ein stor katalog av eigenskrivne låtar.

Øyvind Skatvedt Robak spelar fiolin i symfoniorkesteret, men vil under konserten spele bandoneon, eit slags trekkspel, som eignar seg ypparleg til tangomusikk.

Venke Vartdal Leite har i ei årrekkje utmerkt seg som songsolist, og har vorte eit kjært og kjend namn lokalt. Denne gongen har ho med seg John Inge Leira Bjøringsøy  på piano.

Vi gler oss.