Kjærleikskafé på Rokken

Start: 18:00 Slutt: 20:00 Dato: 11. mai

Kjærleikskafé er eit uformelt frirom for refleksjon saman med andre i mindre grupper rundt temaet kjærleik, og plassen den har i liva våre. Vi møtast over ein kopp kaffi/te, ein matbit og litt snacks.

Til dette arrangementet er det 20 gratis plassar og ein må tinge billett via Tikkio.

Dei som kjem får, saman med litt mat, servert ein "meny" med spørsmål til refleksjon i gruppene rundt temaet.

Samtalane skjer på ein respektfull måte i trygge omgjevnader, og hovudmålet er at det skal vere ei hyggeleg og fin oppleving.

Arrangementet er for studentar på Høgskulen i Volda, ein del av Sosial vår og skjer i samarbeid med Bygdepride.

Helsing Lone (studenthumanist) og Elin (frå HVO-biblioteket)

Vi tek smittevernreglane på alvor.

• Hald deg heime om du er sjuk.

• Hald minst ein meter avstand til kvarandre.

• Vask hendene godt og ofte eller bruk handsprit.

• Arrangement med fysisk oppmøte vil haldes innenfor reglement og retningslinjer. Det vil alltid vere ein ansvarleg tilstades og deltakarane sine (personalia) namn, e-post og telefonnummer vil bli registrert.