Historiekveld // Bygdehomo og Bohemian Rapsody

Start: 19:00 Slutt: 22:00 Dato: 09. mai

Denne kvelden viser me kortdokumentaren Bygdehomo og musikalen Bohemian Rapsody på Ørsta kulturhus og kino. Bu deg på både tårer, latter og mykje god stemning.

BYGDEHOMO
Bjørn Tore Berge flykta frå Ørsta/Volda. Han greidde ikkje å bu der lenger. Men så kom Bygdepride, og Bjørn Tore vender heim for å vere med. Då opplever han at det framleis er motstand mot skeive. Sjå denne kortfilmen laga av Julia Dahr og Julie Lunde Lillesæter, og spelt inn før og under Bygdepride i 2018.

BOHEMIAN RAPSODY
Tufta på dei største slagerane fra Queens rikhaldige musikkatalog, og med Freddie Mercurys gripande historie i forgrunnen, har Bohemian Rhapsody mykje glede å gi til det musikkinteresserte kinopublikum.

Rami Malek (Mr. Robot) er gnistrande god som både songaren og privatpersonen Freddie, og er Oscar-nominert for rolletolkinga.